Prosjektet
Målet er å rekonstruere garden til Eidehøvdingen, og utvikle hovudhuset til eit regionalt og nasjonalt formidlings- og kunnskapssenter for folkevandringstida.
Om prosjektet
Stiftinga Eidehøvdingen – Folkevandringsgarden i Nordfjord vart skipa i desember 2025. Hovudmålet er å rekonstruere garden til Eidehøvdingen i Gloppen kommune, datert til folkevandringstida, om lag 400–550 e.Kr.
I første omgang omfattar hovudprosjektet rekonstruksjon av hovudhuset på garden – eit langhus på om lag 43 × 8 meter – basert på omfattande arkeologiske funn og forskingsbasert kunnskap.
Prosjektet skal vere tufta på høg fagleg kvalitet, autentisitet og respekt for kulturminneverdiane, og samstundes vere ope og tilgjengeleg for eit breitt publikum.
Hovudføremål
-
Formidling
Formidle forskingsbasert kunnskap om folkevandringstida, med relevans lokalt, regionalt og nasjonalt.
-
Forsking og læring
Leggje til rette for forsking, undervisning og læringsaktivitetar knytte til perioden.
-
Berekraftig drift
Samarbeide med kommersielle aktørar innan formidling, reiseliv og opplevingar for å sikre drift og verdiskaping.

Plan for anlegget
Anlegget skal byggjast opp stegvis. Illustrasjonen viser hovudtrekka i planen: langhuset og dei andre bygga i tunet, visningshuset som inngangsport, offentlege toalett, skogsområdet med bålplass, og tilkomst med parkering.
Kartforklaring
- Langhuset
- Hovudhuset på 43 × 8 meter, hjartet i anlegget.
- Fjøsen og andre bygg
- Vidare utbygging av tunet i seinare fasar.
- Visningshuset
- Formidlings- og utstillingsbygg, og inngangsport til parken.
- Offentlege toalett
- Tre Friluftsboks-modular samla i eitt anlegg med treverk og felles tak.
- Bålplass og skogsområde
- Tilrettelagt for leik og aktivitet for barn og unge.
- Parkering og tilkomst
- Gangvegar og ganglinjer mellom parkering og anlegget.
- Nærområdet
- Gardsbrenneriet, Nordfjord Distillery, ligg tett ved, og er nærmaste samarbeidspartnar.
Fasar og framdrift
Prosjektet er delt i fasar. Første fase er gjennomført, og Mona kulturminnepark vart opna 16. oktober 2024. No pågår fase 2.
-
Fase 1 — gjennomført 2024
Rydding og opning
Rydding av området, markering av husa sine plasseringar og etablering av informasjonstavler. Mona kulturminnepark vart offisielt opna 16. oktober 2024.
-
Fase 2 — 2025–2026
Planlegging og førebuing
- Etablering av Stiftinga Eidehøvdingen
- Utarbeiding av plan for det fysiske anlegget og framtidig drift
- Sikring av finansiering for bygging av langhuset
- Etablering av samarbeid med forskingsmiljø, skuleverk, barnehagar, reiseliv, offentlege instansar og frivillige lag
- Aktivt informasjons- og forankringsarbeid
- Ferdigstilling av fase 2 i første halvdel av 2026
-
Fase 3 — 2027–2028
Bygging og etablering
- Bygging av langhuset
- Inngåing av avtalar om drift og vedlikehald
- Utarbeiding og gjennomføring av plan for marknadsføring og formidling
-
Fase 4 — 2028–
Drift og vidare utvikling
- Ordinær drift og vedlikehald av anlegget
- Vidare utbygging av kulturminneparken med fleire hus
- Rekonstruksjon av kokegropsfeltet og grava til Eidehøvdingen
- Tilrettelegging for forsking, undervisning og formidling
-
Fase 5
Nasjonalt senter
Etablere eit nasjonalt senter for folkevandringstida.
Delprosjekt 1: visningshus og toalett
Delprosjekt 1 er første byggetrinn i vidare utvikling av kulturminneparken, og omfattar eit visningshus og eit bygg med offentlege toalett. Visningshuset skal fungere som inngangsport til anlegget, og gje rom for utstillingar, informasjon, undervisning og publikumsaktivitetar før langhuset står ferdig.
Visningshuset er ein mindre kopi av langhuset, utforma og bygd av Knut Fjellestad. Bygget står i dag på nabotomta og vert nytta som utebod. Fjellestad har signalisert at han ønskjer å donere bygget til stiftinga, føresett at det vert sett opp eit nytt lagerbygg til erstatning på eigedomen hans. Det gjev prosjektet ei unik moglegheit til å etablere eit autentisk og funksjonelt formidlingsbygg på ein kostnadseffektiv måte, og samstundes ta vare på eit handverksarbeid som alt har sterk tilknyting til prosjektet.
Dei offentlege toaletta tek utgangspunkt i modular av typen «Friluftsboks», ei standardisert sanitærløysing som Gloppen kommune har kjøpt inn til friluftsområde og besøksmål. Tre modular vert samla i eitt anlegg, kledde inn med treverk og gitt eit felles tak, slik at uttrykket blir heilskapleg og stadstilpassa.
Samstundes vil stiftinga med eigne midlar opparbeide eit lite skogsområde tilrettelagt for aktivitet for barn og unge, med bålplass og sittebenkar av skiferstein.

Definition list
- Tidsplan
- Planlagt realisert i 2026.
- Samla kostnad
- Kr 1 690 703. Igangsetjing føreset fullfinansiering.
- Kommunalt tilskot
- Kr 110 000 per toalettmodul til etableringskostnader.
- Tilgjenge
- Toaletta blir tilgjengelege for allmenta gjennom enkle betalingsløysingar, med opningstider etter avtalen om Friluftsboks med Gloppen kommune.
Delprosjekt 1 treng finansiering
Igangsetjing føreset at heile kostnadsramma på kr 1 690 703 er dekt. Alle bidrag tel.
Langhuset
Rekonstruksjonen av langhuset er hovudmålet i prosjektet. Hovudhuset på 43 × 8 meter, med hallen på om lag 90 kvadratmeter, skal byggjast opp igjen på grunnlag av dei arkeologiske funna og forskingsbasert kunnskap.
Det rekonstruerte huset skal ikkje vere ein kulisse, men eit levande bygg i bruk: arena for formidling, undervisning, forsking, handverk, arrangement og opplevingar. Målet er ein stad der publikum møter fortida gjennom fleire sansar, og der frivillige i tidsrette drakter utfører daglege gards- og handverksoppgåver.
Bygging er planlagt i fase 3, 2027–2028, og føreset at finansieringa er sikra.

Eit nasjonalt senter
Med ein rekonstruksjon av garden har Folkevandringsgarden i Nordfjord potensial til å bli eit tredje nasjonalt tyngdepunkt for formidling av folkevandringstida.
Det som gjer prosjektet i Gloppen særleg unikt, er kombinasjonen av eit stort, arkeologisk dokumentert gardsanlegg og eit rikt gravfunn knytt til den same høvdingslekta. Dette gjev eit sjeldan heilskapleg og forskingsbasert utgangspunkt for formidling, der både makt, kvardagsliv, handverk og internasjonale kontaktar kan setjast i samanheng og gjerast forståelege for eit breitt publikum.
Gloppen kommunestyre slo alt i 2005 fast at prosjektet har nasjonal interesse.
Formidlingsanlegg for folkevandringstida i Noreg
- Veien kulturminnepark
- Hønefoss
- Jernaldergården på Ullandhaug
- Stavanger
- Folkevandringsgarden i Nordfjord
- Eide i Gloppen – under utvikling
Delprosjekt i prosjektet
Prosjektet er strukturert rundt fleire sjølvstendige, men tett samanhengande delprosjekt, som til saman skal styrkje både den faglege og formidlingsmessige breidda.
- Visningshus og offentleg toalett (2026)
- Formidlings- og utstillingsbygg med tilhøyrande sanitæranlegg, som introduksjon til kulturminneparken.
- Tekstilar og vev (frå 2026)
- Forsking, rekonstruksjon av drakt, handverkstradisjonar, kurs og utstillingar.
- Tankeringen (2027)
- Utforsking av opphav, bruk og symbolikk, og internasjonal kulturhistorisk samanheng.
- Rekonstruksjon av grava (2028)
- Visualisere og formidle det uvanleg godt bevarte gravfunnet, kombinert med stadbasert formidling.
Samarbeid og forankring
Folkevandringsgarden skal drivast i tett samarbeid med lokale og regionale aktørar, og vere godt forankra i lokalsamfunnet, næringslivet og skuleverket.
Gardsbrenneriet er tenkt som den næraste kommersielle samarbeidspartnaren, der kulturhistorisk formidling og lokal mat- og drikkekultur kan utfylle kvarandre. Skuleverket er ein sentral partnar, med grunnskulane i kommunen og Firda vidaregåande skule. Frivillige lag som Husflidslaget, Nordfjord Vikinglag og Gloppen Sogelag kan bidra med fagkompetanse, aktivitetar og dugnadsinnsats.
Gloppen kommune peikar i Strategisk næringsplan på at ei gjenreising av garden vil kunne bli eit unikt kulturhistorisk tyngdepunkt i kommunen, og vurderer prosjektet som strategisk viktig.
Bli samarbeidspartnarNærområdet
Gardsbrenneriet, Nordfjord Distillery, ligg tett ved anlegget.
-

Gardsbrenneriet, Nordfjord Distillery, ligg tett ved anlegget. Visualisering: Enscape, januar 2026. -

Visualisering: Enscape, januar 2026. -

Visualisering: Enscape, januar 2026. -

Anlegget ligg tett på eksisterande busetnad på Eide. Visualisering: Enscape, januar 2026.